Shopping security
Fjellbit si heimelaga håndsåpe med talg av storfe, groblad, nesle og ryllik
Få reine hender og mjuk hud med Fjellbit si heimelaga håndsåpe med talg, nesle, groblad og ryllik – ei naturleg og allergivenleg såpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff.
Den heimelaga såpa er produsert i Skjåk av lokale fagfolk med lokale ingrediensar.
Det er lange tradisjonar i å bruke talg frå storfe til såpe på gardane rundt omkring. Talg er svært næringsrik, og inneheld blant anna mange vitamin som er bra for huda. Feittsyrene trekker lett inn i huda di utan å tette porene. Oljene i talgsåpa gjev fukt og pleie til huda.
Den håndlaga såpa blir produsert i fjellbygda i Sjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå. Urtene blir plukka på garden eller i skogen rundt.
Bestemors finsåpe vart til da Ragnhild stolt viste bestemor på garden ei nylaga såpe med olivenolje og nesle. Bestemor kalla dette for ei “finsåpe”. Dette er viareføring av bestemors arv med såpekokoking, fornya med fine oljer og urter til å bli finsåpe!
KORLEIS BRUKE SÅPA:
Brukes til handsåpe, fukt såpa i rennande vatn og smør den på hendene,
skyll av med lunka vatn. Såpa kan også nyttast som kroppssåpe, då bruker ein den på samme måte som til hendene, eller ein kan ta såpe på ein vaskeklut.
Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.
SÅPA INNEHELD EI REKKE GODE INGREDIENSAR:
Bestemors Finsåpe er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg såpe med 100 % naturlege ingrediensar.
Den heimelaga såpa er mild, og kan nyttast både som håndsåpe og kroppssåpe. Oljene gir fukt og pleie til huda. Urtene groblad, nesle og ryllik er kjent for å hjelpe mot ein rekke hudplager.
Groblad har i naturleg hudpleie vore brukt til reinsing av sår og hjelp huda med å gro. Nesle er ei kjelde til ei rekke mineral og vitamin, og er rekna som ei av dei mest næringsrike i naturen. Ryllik har blandt anna tradisjonelt vore brukt til å hjelpe sår hud.
INNHALD INCI: Tallow, Olea Europaea Oil, sodium cocoate, Canola oil, plantago major, neetle leaf, Achillea Millefolium.
INNHALD PÅ NORSK: Talg, olivenolje, kokosolje, rapsolje, groblad, nesle og ryllik.
PRODUKTFORDELAR:
80–90 gram
Ships within 48 hours · Estimated delivery Jun 21 - Jun 26
US$40
Get nowSign up to your membership to get coupons up to
15%
Get nowOpportunity to enjoy order discount up to 15% off
Top-Converting Item to Boost Your Average Order